Første arkiv etter sjømatnæringa i hus
ArkiVest har i samarbeid med Arkivverket etablert Norsk sjømatarkiv. Med støtte frå Riksarkivarens prosjektmiddel er arbeidet med å sikre arkiva etter sjømatnæringa no godt i gang. Dette blei synleggjort ved at det første arkivet blei mottatt i august. – Norsk sjømatarkiv styrkjer arbeidet med viktige privatarkiv, seier Riksarkivar Inga Bolstad. Søknadsfrist til årets arkivutviklingsmiddel er 15. september.
Norsk sjømatarkiv har eit nasjonalt ansvar for bevaring av historisk verdifullt kjeldemateriale frå norsk sjømatsektor. Visjonen er å sikre dei mest sentrale arkiva for framtida, både med tanke på bransjens eige bruk, forsking og kulturformidling. Bransjen omfattar både havbruk, villfiske og leverandørindustrien med tilhøyrande organisasjonar.
Dårleg dokumentert bransje
Det heile starta som eit strategiarbeid i regi av ArkiVest (tidlegare Stiftelsen Lokalhistorisk Arkiv i Bergen) i 2016. Der vedtok stiftelsen å satse på å få dokumentert sjømatnæringa i regionen.
– Sjømatnæringa er ei verksemd i vekst som involverer ein ekstremt stor del av landet vårt, både folk og kommunar. Dette er Norges nest mest innbringande bransje (etter olje og gass) og næringa har hatt ein eventyrleg vekst frå byrjinga av 1900-talet til i dag. Men denne næringa er frykteleg dårleg dokumentert, nesten berre ført i pennen av det offentlege, og dette er problematisk frå eit historikarperspektiv, seier Terje Haram, leiar av ArkiVest og prosjektansvarleg for Norsk sjømatarkiv.
Eit såkornmiddel
Etter at utviklingsmiddel blei tildelt, vart det etablert ei arbeidsgruppe med Terje Haram, Torkel Thime (Arkivverket) og Solbjørg Fossheim (Arkivverket). Haram meiner at erfaringa med Norsk Olje- og gassarkiv er svært viktig å få med. Dernest er det viktig å få med ressurspersonar frå dei landsdelane der sjømatnæringa står sterkast.
– Vestlandet og Nord er med, men vi manglar ein person frå Trøndelag eller Møre, seier Haram, og håpar å få dette på plass.
Norsk sjømatarkiv ønskjer å inngå avtalar med verksemder og organisasjonar innanfor sjømatbransjen om avlevering og/eller deponering av arkiv. Avtalane vil sikre at næringa blir dokumentert i nåtid og framtid gjennom oppbevaring av arkiva i offentlege arkivinstitusjonar. Samstundes vil verksemdene framleis kunne ha eigarskap og full kontroll over bruken av arkivmaterialet, dersom dei deponerer det.
Med Arkivutviklingsmiddel er det blitt mogleg for Haram å bruke meir tid på arbeidet, og å reise ut og møte næringa utanfor eige nærområde.
– Mitt håp er at slike middel er ein måte å så eit frø på som kan gi den tida ein treng for å oppnå suksess. For næringslivet treng tid. Vi kan ikkje pålegge privat næringsliv å avlevere arkiv. Dette er ein modningsprosess. Pengane vi fekk er eit såkornmiddel i bransjen.
– Korleis får du til avtalar?
– Det er først og fremst snakk om å selje idéen om at dette er i deira eiga interesse. Ein må skaffe seg kontaktar og delta på arrangement. Vi må ha møter med næringa, det vil seie oppdrettsverksemder, fiskebåtreiarlag, bearbeidings- og salsverksemder, fór og utstyrsprodusentar og alle andre relevante organisasjonar. Vi samarbeider med Sjømat Noreg og Norsk sjømatråd som hjelper oss med god og nyttig omtale.
Per august har sjømatarkivet hatt møter med fem verksemder og to organisasjonar.
– Nye møteavtaler kjem sakte men sikkert inn. Vi er i god dialog med næringa, og har alt etablert samarbeid med næringa sine organisajonar. Arbeidet vårt er difor å rekne som reint salsarbeid. Og det er svært sjeldan at slike kontraktar blir oppnådd i løpet av kort tid, fortel Haram.
Arkivet etter tysk marinforsker
Det første arkivet som kom inn er etter ein tysk marinforsker som har jobba med oppdrett i den første tida med mange små aktørar. Bønder, fiskarar og personar som eigde ei kyststripe sette i gang med oppdrett, før storkapitalen kom inn. Ein stor del av forsking og utprøving kom frå aktørane sjølve. Stefan Stippl kom som havforskar til Norge i 1958, og var engasjert av fleire forskingsinstitusjonar rundt omkring i landet.
Av enkelte aktørar var han rekna som omstridd fordi han ikkje alltid følgde den rådande tankegangen. På slutten av si karriere flytta han tilbake til Tyskland og er no sjuk. Han ønskjer at arkivet blir tatt hand om i Norge. Stippl sitt arkiv er på ca 40 hm, derav ca 1/3 er fotoslides. Sjømatarkivet skal ordne dette og få det ut på Arkivportalen.
Arkiva skal lagrast lokalt
Norsk sjømatarkiv prøver å få til mest mogleg lokale løysingar slik at arkiva vert arkiverte i det området av landet dei høyrer heime.
– Målet er at lagringa av arkiva skal skje mest mogleg lokalt. Men på nett skal arkivet framstå som éi eining. Alle arkiv vil bli registrerte i ASTA og publiserte i Arkivportalen, seier Haram, som også ser for seg at arkiva kan leggjast ut på Digitalarkivet.
Kontakten med Arkivverket har vore viktig for Haram. Blant anna har Norsk olje- og gassarkiv vore ein inspirasjon i arbeidet med sjømatnæringa, ikkje berre for Haram, men også for andre som er involverte i prosjektet.
– Mi rolle er først og fremst å koordinere. Det er for eksempel ei utfordring å kartlegge bransjen. Der er svært mange selskap, men i dei fleste tilfelle er der eitt morselskap. Vår strategi er å komme i kontakt med personar som har makt til å bestemme i morselskapet. Vi prøver å hjelpe lokale arkivinstitusjonar med å få til møter med selskapa. Arkiv- og museumsmiljøa i Trondheim, Bergen og Tromsø vil vere sentrale i satsinga på Norsk sjømatarkiv, seier Haram.
Viktig samfunnsdokumentasjon
Riksarkivar Inga Bolstad meiner Norsk sjømatarkiv styrkjer arbeidet med viktige privatarkiv:
– Sjømat som næringsverksemd er nært knytta til utviklinga av vår kultur, nasjonalt, regionalt og lokalt, og gjennom heile vår historie. Arkiva etter næringa er viktig samfunnsdokumentasjon. Det er generelt store hol i arkivdokumentasjonen av privat næringsliv og verksemdskultur, og Norsk sjømatarkiv vil vere med på å sikre større representativitet og breidde i landets arkiv. Eg ser også store verdiar i at Norsk sjømatarkiv byggjer på ein partnarskapsmodell og etablerer nært samarbeid med sektoren sjølv, og med arkivinstitusjonar i alle delar av landet. Arkivverket er glad for å ha kunna bidra med støtte til opprettinga og å ha kunna delta i samarbeidet. Starten er lovande, og eg ønskjer lukke til, seier Bolstad.
– Dette er kjempebra
Kjetil Hestad er organisasjonssjef ved Sjømatbedriftene (tidlegare Norske Sjømatbedrifters Landsforening). Han er svært positiv til etableringa av Norsk sjømatarkiv.
– Dette er kjempebra. Vi har sjølv en god del materiell, blant anna protokollar, bilete og anna som stammar frå etter krigen. Dette blir jo teke vare på der det ligg no, men det beste ville vore om det låg oppbevart i eit arkiv der det også kan vere tilgjengeleg for til dømes forskarar og studentar. Vi er interessert i en dialog rundt å få våre ting inn i sjømatarkivet, seier Hestad.
– Dette er noko sjømatarkivet sjølvsagt er interessert i å inngå avtale på, kommenterer Haram.
Norsk jømatarkiv fekk tildelt 400 000 kroner i arkivutviklingsmiddel ved fjorårets tildeling.
ArkiVest
ArkiVest, tidlegare Stiftelsen Lokalhistorisk Arkiv i Bergen (LAB) hjelper organisasjonar og privatpersonar i Bergen med å oppbevare og formidle sine historiske arkiv.
Stifta i 1987 som eit samarbeidsorgan mellom organisasjons- og næringslivet i Bergen og Bergen kommune. Oppbevarer vel 6.000 hyllemeter arkivmateriale frå rundt 150 medlemmar.
Kontor- og depotfellesskap med Bergen Byarkiv og Interkommunalt Arkiv i Hordaland.