Martin Wølstad i Klondike. Wølstad nummer to frå høgre. Foto: Asahel Curtis. CC BY.
Fotoalbumet til norsk gullgravar publisert på Digitalarkivet
I samband med Migrasjonsåret gjer Arkivverket norsk gullgravarhistorie tilgjengeleg for alle, når fotoalbumet etter Martin Wølstad er publisert på Digitalarkivet.

Kva får ein 16 år gammal gut frå Stavanger til å forlate alt for å jakte lykka i Amerika? Martin Wølstad var ein av få nordmenn som faktisk gjorde suksess som gullgravar under gullrushet på slutten av 1800-talet. No gir ei sjeldan samling fotografi frå hans tid i Klondike eit unikt innblikk i livet til gullgravarane og urbefolkninga dei møtte.
Martin Wølstad drog til Amerika i 1889, truleg for å finne den forsvunne bror sin. I 1894 kom han til Yukon-området, kor han lærde seg teknikkane for å leita etter gull rett før gullrushet eksploderte i Klondike. Han kom tidleg til Klondike, allereie i 1897. Året før vart det nemleg gjort eit viktig funn av gull i området, som avisar over heile verda skreiv om. Dette inspirerte tusenvis av håpefulle menneske til å dra dit. Mange selde alt dei eigde for å leite etter gull i området. Få var likevel førebudde på det kalde klimaet, den ugjestmilde naturen og kor anstrengande arbeidet var.
Dokumenterer gullrushet
Arkivet som no er digitalisert og gjort tilgjengeleg på Digitalarkivet, består av 70 fotografi. Dei er mellom anna tekne av kjende fotografar som Eric A. Hegg, Arthur C. Pillsbury og Asahel Curtis, som dokumenterte gullrushet og menneska som deltok. Fleire av bileta er kjende frå amerikanske arkiv, men samlinga inneheld også mindre kjende fotografi.
Fotografia viser langt meir enn gullgravarar i arbeid. Dei skildrar også livet i dei mellombelse busetjingane, dei krevjande reiserutene og kvardagen i det ugjestmilde landskapet. Ein del av bileta er av urbefolkninga i Yukon, særleg tlingitane. Dei gir oss ei verdifull innsikt i deira liv, kunsthandverk, seremoniar og møte med nybyggjarane.
Migrasjonshistorie bevart for ettertida
Fotoalbumet må ha vore ei viktig stadfesting på Wølstads eventyrlege reise, både for han sjølv og seinare generasjonar. Det har tydeleg vore flittig brukt og vist fram mange gonger – innbindinga heng ikkje lenger saman, men består av enkeltblad med bilete limt på.
Bileta gir oss ein visuell dokumentasjon av gullrushet og livet menneska levde der. Dei er ei viktig historisk kjelde både for forskarar, etterkommarar og historieinteresserte. No er heile albumet digitalisert og tilgjengeleg på Digitalarkivet, der alle kan bla gjennom det.
Arkivverkets bidrag til Migrasjonsåret 2025
-
I 2025 blir det nasjonale migrasjonsjubileet Crossings 200 markert, i samband med at det er 200 år sidan den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika.
-
Arkivverket deltek i markeringa ved å gjera viktig kjeldemateriale som kastar lys over Noregs migrasjonshistorie,tilgjengeleg på Digitalarkivet.