ENG
fo30141804300077 (1)

Foto: Ragge Strand/Bjørn Fjørtoft/Riksarkivet/Billedbladet NÅ

No opnar vi for sjølvbetent publisering i Digitalarkivet

Med sjølvbetent publisering har vi kome eitt skritt vidare i utviklinga av Digitalarkivet som nasjonal fellesløysing for alle bevaringsinstitusjonar som tek vare på arkiv. Frå 17. september kan kvar enkelt institusjon få tilgang til publiseringsverktøyet i Digitalarkivet, slik at dei sjølve kan laste opp og publisere sine digitaliserte arkiv. Lanseringa av sjølvbetent publisering betyr éin inngang inn til arkiva for publikum.

I samarbeid med arkivsektoren utviklar Arkivverket plattforma Digitalarkivet til å bli ein felles portal for digital publisering av arkiv. Digitalarkivet legg til rette for at Noregs befolkning skal kunne søke og hente fram digitalt innhald i statlege, kommunale og private arkiv frå alle delar av landet, på ein stad.

Starten på utviklinga av Digitalarkivet.no til ei fellesløysing og digital publiseringskanal for heile arkivfeltet vart markert 3. desember i fjor ved at kulturminister Trine Skei Grande la ned den digitale grunnsteinen.

Med sjølvbetent publisering har vi kome eitt skritt vidare i utviklinga av Digitalarkivet. Kvar enkelt institusjon kan nå laste opp og legge til rette sitt materiale. I første omgang vil fellesløysinga vere avgrensa til skanna eller digitalt fotografert papirbasert arkivmateriale, som protokollar, brev, dokument og bøker. Materialet skal primært vere fritt tilgjengeleg for offentlegheita.

Les meir om korleis du går fram for å ta i bruk den sjølvbetente løysinga

Pilotar nøgde med opplastingsverktøyet

Bergen byarkiv, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Oslo byarkiv, Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (ARBARK), IKA Kongsberg og IKA Møre og Romsdal har alle vore pilotar under utviklinga av Digitalarkivet.

Før sommaren vart første versjon av den sjølvbetente løysinga testa av to av pilotane, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Bergen byarkiv. 

Sjå dei første arkiva frå pilotane i Digitalarkivet

Ein av brukarane som har testa ut den nye løysinga er Tor Magnus Lien frå Bergen byarkiv:

– Det var sjølvsagt nytt og ukjend, og mykje å setje seg inn i. Når eg først begynte å få forståinga av programvarene, var det eit godt og enkelt verktøy å bruke. Vi gjekk gjennom heile prosessen frå å opprette «jobbar», laste opp skanna materiale og legge inn arkivinformasjon og metadata. At arkivinformasjon og metadata vert lagt inn på ein rett og god måte er avgjerande for kor «søkbart» det blir for brukarar, at arkivet blir eit «treff» ut frå relevante søkeord. Eg som brukar opplevde verktøyet som oversiktleg og greitt når eg først kom inn i det.

Byarkivar Jan Tore Helle i Bergen kommune meiner Digitalarkivet som fellesløysing for arkivsektoren har potensiale til å bli eit grunnleggjande strategisk samlingspunkt for arkivsektoren:

 – Digitalarkivet vil vere ei viktig løysing for Bergen byarkiv si satsing framover på auka digital tilgjengelegheit og sjølvbetente brukarar. Vi trur også at slike fellesløysingar vil gi auka brukartilfredsheit og enklare tilgang til arkiva. Digitalarkivet som fellesløysing for arkivsektoren har også potensiale til å bli eit grunnleggjande strategisk samlingspunkt for arkivsektoren, seier Helle.

Også Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er nøgd med det arbeidet som nå blir gjort med å utvikle Digitalarkivet til å bli ein nasjonal publiseringsplattform. 

– Det er svært gledeleg at Arkivverket i så stor grad involverer dei kommunale arkivinstitusjonane i dette arbeidet. Vi er tett på brukarane, og det er viktig til ein kvar tid å fange opp behova deira. Det har etter Fylkesarkivet sitt syn over lang tid vore for lite fokus på dei brukargruppene som er på jakt etter datasett. Dette omsynet meiner vi prosjektet tek på alvor, og det er bra. For ein arkivinstitusjon er det også viktig å gi brukaren kjennskap til heilskapen. I dette tilfelle gjeld dette kva som finst av arkiv utanom det som er digitalisert. Her synest vi også det er grunn til å gi ros til prosjektet. Så langt vi kan vurdere er det tydelege referansar til Arkivportalen. Alt er ikkje på plass, men per dags dato ser det veldig lovande ut og vi merkar at våre innspel vert tekne på alvor, kommenterer fylkesarkivsjef Arnt Ola Fidjestøl.

Vidare utvikling av Digitalarkivet

Sjølvbeteningsløysinga er berre første byggetrinn i å gjere Digitalarkivet til hovudinngangen for samfunnets arkiv, enten dei er offentlege eller private. Neste byggetrinn vil omfatte alle arkiv, uavhengig av kva medium eller format dei er skapte i, så som audiovisuelt og digitalt skapt arkivmateriale. Det same gjeld kjelder underlagt teieplikt og andre sensitive opplysningar, der det er behov for tilgangsstyring. 

Planane for Digitalarkivet skal no konkretiserast i samarbeid med dei som publiserer sine arkiv i løysinga, slik at vi utviklar løysinga etter brukarbehova. Delar av dette vil bli gjort gjennom eit brukarråd for Digitalarkivet.

Lokal historie har nasjonal verdi. Vi håpar difor at så mange som mogeleg ynskjer å gjere sine arkiv tilgjengeleg på Digitalarkivet. Slik får heile Noreg tilgang til kulturarven!

Har du andre spørsmål om Digitalarkivet? Sjå gjerne Ofte stilte spørsmål. Du kan også kontakte oss her.