Ny arkivlov i godkjend i statsråd
Forslaget til ny arkivlov er godt eigna til å vareta vår og behovet i samfunnet i lang tid framover, meiner riksarkivar inga Bolstad.
– Eg er glad for at lovforslaget no er klart til å leggjast fram for Stortinget, og eg trur heile Arkivverket ser fram til å ta ei ny lov i bruk, seier riksarkivar Inga Bolstad.
Fredag vart Lov om dokumentasjon og arkiv lagt fram og godkjent i statsråd. Dermed er neste steg å leggja proposisjonen fram for Stortinget, slik at nasjonalforsamlinga kan vedta den nye arkivlova.
Følg saksgangen her: Stortinget.no
Tek arkivplikten alvorleg
– Den førre lova, som framleis gjeld, er 30 år gammal, og tida har sprunge frå ho. Digitaliseringa har endra dei fleste delane av samfunnet vårt, og arkiv og dokumentasjonsforvaltning er ikkje det same som i tidsalderen til papirarkiva. Forslaget til ny lov er godt eigna til å vareta vår og behovet i samfunnet, seier Inga Bolstad.
Den nye lova er meir overordna enn forgjengaren sin, og han får eit utvida virkeområde. Arkivverket får også fleire sanksjonsmoglegheiter enn det etaten har i dag.
Generelt vil eg seia at lovforslaget viser at arkivplikta blir teken på alvor, og eit sendar eit tydeleg signal om at bevaring av dokumentasjon er ei samfunnsoppgåve med stor betydning
- No ventar me på behandlinga til Stortinget, men eg opplever lovproposisjonen slik at han kan bidra til å verna rettstryggleik, historisk dokumentasjon og innsynsretten til offentlegheita i ei stadig meir digital forvaltning, også i ei verd i hurtig endring, seier Bolstad.
Les om saka på Kultur- og likestillingsdepartementets nettsider.