ENG
Inga_Bolstad_AV_00203_Foto_Sofie_Holberg

Riksarkivar Inga Bolstad vil ha mer utvikling i arkivsektoren, og at heile samfunnet speiles i arkiva. Foto: Arkivverket.

Tippemidlar skal gi meir innovasjon i arkivsektoren

Utvalet som skulle sjå på arkivutviklingsmidlane Arkivverket deler ut kvart år, har no levert sin rapport. Dei råder til å stimulere til nyskaping og til bevaring av privatarkiv. 

Last ned rapporten nederst.

Arkivverket har i oppdrag å forvalte arkivfeltet sin pott frå Norsk tippings speleoverskot. Tippemidlane har dei siste sju åra utgjort ein stor økonomisk skilnad i arkivsektoren. 

No har eit utval, som bestod av Arkivverket, Norsk Arkivråd, Arkivforbundet, Strategisk råd for privatarkiv og KS, sett på korleis desse midlane bør bli fordelt dei neste åra. Saman foreslår dei at tippemidlane dei neste tre åra bør brukast til å stimulere til nyskaping innanfor arkiv, og til å sikre at viktige privatarkiv blir tatt vare på og gjort tilgjengeleg for eit breitt publikum – uavhengig av format.  

På ei undersøking sendt ut av utvalet svarar sektoren unisont på spørsmål om kva som er det mest prekære behovet: Handtering av digitale arkiv.  

Spesielt gjeld dette dei private arkiva, som ikkje er underlagd det same regelverket som dei offentlege arkiva.  

Ein innovasjonsarena for arkiv  

– I ei verd der tilliten til det offentlege er under press, er det å kunne etterprøve saksgang og avgjerder svært viktig, seier riksarkivar Inga Bolstad. – Når samfunnet er i rask endring, er det å finne spor etter eige og andre sitt språk, tradisjonar og levesett også svært viktig.  

Arkiva rommar alt dette og mykje meir, og er heilt sentrale for å forstå både fortida, notida og framtida. Men fagområdet for arkiv har dei siste 20 åra vore prega av lite innovasjon og modernisering. Over tid har dette gjort at vi ikkje klarer å sikre og gjere tilgjengeleg arkiva på ein effektiv og god nok måte.  

– Dei tradisjonelle metodane for å sikre og ta vare på arkiv fungerer ikkje lenger like godt, meiner Bolstad. – Spesielt gjeld dette dei digitale arkiva. Behovet for ei ny tilnærming, forbetra metodikk og løysningar har vakse seg stort og presserande. For å lykkast med dette, trengs det økonomisk spelerom for å “kaste seg ut i det”, teste ut idear, hauste erfaring og bygge ny kompetanse og samarbeidsnettverk. 

Tilgjengeleggjering av kulturarven  

Privatarkiva, arkiva etter bedrifter, verksemder og enkeltpersonar, er viktige for å speile heile samfunnet. Privatarkiva viser fram mangfaldet, samfunnsutviklinga og levesettet vårt på ein annan måte enn dei offentlege arkiva gjer, og er difor ein særs viktig del av kulturarven vår som vi heile tida må jobbe for å sikre og gjere tilgjengeleg for alle. 

Nasjonalbiblioteket har fått i oppdrag å digitalisere arkiv frå heile kultursektoren, og Arkivverket har fått oppdraget å bygge Digitalarkivet til å bli ei nasjonal løysing for sikring og publisering av alle typar arkiv.– Men før ein kan digitalisere og publisere, er det naudsynt at privatarkiva faktisk er samla inn og satt i stand, seier Bolstad.

Det er per no inga offentleg finansiert ordning eller etat som sørger for det. Det er opp til den enkelte kulturinstitusjon, som heile tida må jobbe for og sette av pengar til å ta vare på desse viktige kjeldene til vår felles kulturarv. For å lykkast med å speile samfunnet vi lev i på ein god måte er det eit stort behov for friske midlar. 

Arkivverkets utviklingsmidlar på arkivfeltet 

  • Riksarkivaren har sidan 2015 disponert tippemidlar til prosjekter og utviklingstiltak på arkivfeltet, på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet.   

  • Tippemidlane til arkiv utgjer i dag 12,3 millionar årleg.  

  • Midlane skal bidra til effektiv bevaring og tilgjengeleggjering av arkiv, både frå privat og offentleg sektor.   

  • I 2022 ble det søkt om totalt 32,6 millionar fordelt på 67 søknader. 31 søknader fekk midlar, på til saman 12,3 millionar.