Blending
Krigen var mørketid i dobbelt forstand. Svarte blendingsgardiner sørgde for å halde byane og andre strategisk interessante bombemål mørkelagde.
Blending var påbode og dei som unngjekk å følgje påbodet blei bøtelagde og kunne risikere å bli fråtekne straumen. I nokre tilfelle var det også tale om hardare sanksjonar.
Mørke gater
![Heller ikkje sentrale NS-toppar slapp unna å overhalde blendingsforskriftene. Her ser vi Axel Stang med fleire representantar frå NS sin kvinneorganisasjon. (RA/PA-781/Gb/0009)](/utforsk-arkivene/andre-verdenskrig/hverdagslivet/blending/_/image/14621ab9-46c0-4ea3-a7e6-aba9a4c6d926:d19a4ca07de9e8fcfe1246e6c34f527a17b28201/width-768/Blending.png)
Formålet med mørkelegginga var å gjere det vanskeleg for fly å orientere seg slik at bombemål, busetnad og befolkning blei verna. Ansvaret for blendingsforskrifter og oppfølging av dei låg under Kontoret for sivilt luftvern i Justisdepartementet. I dette arkivet vil du finne ein del saker og korrespondanse som gjeld blending. Forskrifter og forarbeid til desse, analysar, oversikter over tid for blending i dei ulike byene og tettstadene, diverse pålegg frå tysk hald, rapportar frå kontrollar og søknader om dispensasjon frå forskriftene. Dei mørkelagde gatene var utrygge å ferdast i. Det var ikkje berre frå bygningar ein måtte forhindre lys, også bilar måtte ha eigne blendingshetter over lyktene. I ovannemnde arkiv kan du også sjå teikningar av ulike alternativ for blending.
Blendingskontrollar
![Blending-2](/utforsk-arkivene/andre-verdenskrig/hverdagslivet/blending/_/image/fa3be00b-d268-49d7-a220-7ad976471131:cafed3ca9f96ab92c867e8fcc72d25648e25c1b5/width-768/Blending-2.jpg)
Relevante arkiver i Arkivportalen
- Birkenes lensmannskontor/Ha/6
- Romsdal politikammer/La/2
- Sør-Audnedal lensmannskontor/Ha
- Stavanger politikammer/Ab
- Kristiansand sivilforsvarskrets