ENG
Ministerpresident Quislings ankomst fra Tyskland 1942:02:18.

Ministerpresident Quislings ankomst fra Tyskland 1942/02/18. Arkivreferanse: RA/RAFA-3309/U 39B/5 /39-5-8a img272

Sysselsetting og arbeidsformidling

I mellomkrigstida hadde det vore periodar med svært stor arbeidsløyse, og etter 9.april frykta mange at dette ville gjenta seg – kanskje i eit enda større omfang.

Men det var det motsette av arbeidsløyse som kom til å prege arbeidsmarknaden: Arbeidsformidlinga hadde gjennom heile krigen stor pågang frå bedrifter og etatar som trong arbeidskraft.

Tysk pågang etter arbeidskraft frå første stund

Alt i april 1940 kom tyskarane med krav til Administrasjonsrådet om fleire tusen nordmenn til militære arbeid. Dei fekk som svar at landet ikkje hadde tvungen arbeidsteneste, og blei viste til arbeidskontora.

Men tyskarane sin pågang etter arbeidskraft blei stadig sterkare. Dei forlangte at arbeidsmarknaden skulle styrast av styresmaktene (som i Tyskland). Styresmaktene skulle kunne halde arbeidarane fast i visse yrke eller dirigere dei over til andre. Som eit middel til å oppnå dette skulle det innførast meldeplikt for arbeidslause, tvungen arbeidsformidling og kartotekføring.

Registrering og beordring av arbeidskraft

Administrasjonsrådet gav til slutt etter for dei tyske krava. Dei nye føresegnene om arbeidsformidling skulle gjelde frå 23.september 1940, men dei var ennå ikkje kunngjorde då Administrasjonsrådet blei fjerna 25.september. Det var derfor den nye NS-dominerte regjeringa som kom til å innføre den nye forordninga, Forordning om arbeidsformidling av 8. oktober 1940.

Arbeidsmarknaden slik ein kjende den frå før, med frivillige avtalar mellom arbeidstakar og arbeidsgivar, tok nå slutt og blei erstatta av beordring. I kvar kommune skulle det vere eit kontor eller ein ombodsmann for arbeidsformidling. Alle arbeidslause blei pålagde å melde seg til arbeidsformidlinga som bestemte kvar og for kven dei skulle arbeide. Dei som ikkje følgde pålegga kunne straffast med bøter eller fengsel.

Dei norske eksilstyresmaktene publiserte i 1943 i London dette biletet som Norwegian Official Photo No. L.7645. Teksten bak på biletet lyder: ” ”På tysk tvangsarbeide. Dette bilde er tatt av norske fanger som er hentet ut fra konsentrasjonsleirene for å utføre veiarbeide for tyskerne i Nord-Norge. En ser folk og redskaper bli bragt med båt til arbeidsplassen. ” RA/PA 1209 NTBs krigsarkiv/ Ue/0098.
Dei norske eksilstyresmaktene publiserte i 1943 i London dette biletet som Norwegian Official Photo No. L.7645. Teksten bak på biletet lyder: ” ”På tysk tvangsarbeide. Dette bilde er tatt av norske fanger som er hentet ut fra konsentrasjonsleirene for å utføre veiarbeide for tyskerne i Nord-Norge. En ser folk og redskaper bli bragt med båt til arbeidsplassen. ” RA/PA 1209 NTBs krigsarkiv/ Ue/0098.

Lov om nasjonal arbeidsinnsats

Den enorme tyske bygge- og anleggsverksemda varte gjennom heile okkupasjonstida. Det var kronisk mangel på arbeidskraft ved dei forskjellige prosjekta, og det kom ei rekke forordningar som skulle bøte på dette problemet. Våren 1943 blei det etter press frå tyskarane sett i verk tiltak for å mobilisere all tilgjengeleg arbeidskraft. Dette hadde også samanheng med utviklinga av krigen. Lov om alminnelig nasjonal arbeidsinnsats av 22. februar 1943 kom i kjølvatnet av det tyske nederlaget ved Stalingrad. I innleiinga til lova heiter det at det norske folk må sette alle krefter inn i den kampen på liv og død som Europa fører mot bolsjevismen. Sosialdepartementet fekk fullmakt til å skrive ut all arbeidskraft som ikkje var fullt utnytta eller som blei brukt til arbeid som ikkje var nødvendig. Menn i alderen 18 til 55 år og kvinner mellom 21 og 40 år plikta å melde seg til registrering hos arbeidsformidlinga. Dei fleste som blei innkalla blei sende til Organisation Todt sine anlegg.

Opplysningar om nasjonal arbeidsinnsats finst i fleire arkiv, med Direktoratet for arbeidsformidling og arbeidsløysetrygd som det mest sentrale. I sosialministeren sitt arkiv ligg for eksempel eit dokument som kritiserer forholda for norske arbeidarar ved tyske anlegg. I arkivet til Reichskommissariat, Abt. für Arbeit und Sozialwesen, finst eit stort materiale om norsk arbeidskraft i tysk teneste. Til slutt kan det visast til arkivet til Legasjonen/Ambassaden i Stockholm. Her finst ei rekke dokument som fortel om utskrivinga til tyske arbeidsplassar og arbeids- og leveforhold der. Forholda var slett ikkje bra, men når nokon prøvde å unndra seg, blei dei henta av politiet og sende tilbake til arbeidsstaden.

Også dette biletet er publisert av dei norske eksilstyresmaktene i London i 1943, som Norwegian Official Photo No. S.1247A. Teksten bak på biletet lyder: ”Tvangsutskrivningen av norsk arbeidskraft. Dette bilde er tatt inne på gårdsplasssen på Grünerløkken skole i Oslo som er samlingsstedet for tvangsutskrevne nordmenn. Nordmennene sees her sammen med krigsfanger som arbeider for organisasjonen Todt.” RA/PA 1209 NTBs krigsarkiv/Ue/0098.
Også dette biletet er publisert av dei norske eksilstyresmaktene i London i 1943, som Norwegian Official Photo No. S.1247A. Teksten bak på biletet lyder: ”Tvangsutskrivningen av norsk arbeidskraft. Dette bilde er tatt inne på gårdsplasssen på Grünerløkken skole i Oslo som er samlingsstedet for tvangsutskrevne nordmenn. Nordmennene sees her sammen med krigsfanger som arbeider for organisasjonen Todt.” RA/PA 1209 NTBs krigsarkiv/Ue/0098.

Nedlegging av ikkje krigsviktige bedrifter

Etter lova om nasjonal arbeidsinnsats kunne styresmaktene også legge ned bedrifter som ikkje blei vurderte som viktige, og overføre arbeidsstokken til andre oppgåver. I Handelsdepartementet sitt arkiv finst for eksempel lister over firma som blei nedlagde, og innvendingar frå bransjeorganisasjonane.

Arbeidsmobiliseringen 1944 - frykt for tvangsutskriving av norsk ungdom til austfronten

Tidleg i 1944 blei det kjent at justisminister Sverre Riisnæs hadde laga eit notat der han gjekk inn for at fem årsklasser unge menn skulle mobiliserast til arbeid og deretter sendast til austfronten på krigsteneste. Både NS og tyskarane avsanna at det var planar om noko slikt. I mai kom så melding om at dei tre årsklassene 1921-23 skulle skrivast ut til nasjonal arbeidsinnsats. Saman med dei som blei utkalla til ordinær arbeidsteneste (AT) ville NS og tyskarane kontrollere titusenvis av våpenføre unge menn. Nå reagerte Heimefronten kraftig og oppfordra til streik både mot arbeidsmobiliseringa og arbeidstenesta. Det blei også utført sabotasje mot Arbeidstenesta sitt kontor. Fleire tusen unge menn gjekk i skjul for å unngå arbeidsmobiliseringa. Dette blei opphav til uttrykket ”gutta på skauen”. Arbeidsmobiliseringa blei ein fiasko for NS og tyskarane men dei fleste AT-leirane blei avvikla som planlagt. Opplysningar om dette finst bl.a. i arkivet til Legasjonen/Ambassaden i Stockholm (rapportar frå Noreg, intervju med flyktningar, kopi av NS-dokument).

Arbeidsmobilisering

Utanlandske arbeidarar og krigsfangar som arbeidskraft. Nordmenn i Tyskland

Tyskarane dekka også behovet for arbeidskraft ved å sette inn arbeidarar og krigsfangar av mange nasjonalitetar. Ein del av dei arbeiddde og levde under forferdelege forhold. Arkivet til Abt. Arbeit und Sozialwesen inneheld opplysningar om denne arbeidsinnsatsen.

Ein del nordmenn, både menn og kvinner, tok seg arbeid i Tyskland. Dette skjedde frivillig. I arkivet etter Direktoratet for arbeidsformidling og arbeidsløysetrygd finst det opplysningar om fleire puljar av norske arbeidarar som reiste til Tyskland frå desember 1940 til hausten 1941.

Relevante arkiv i Arkivportalen