ENG
8. Parteitag – der NS. Schluss-Kundgebung in Bislet Stadion.

8. Parteitag – der NS. Schluss-Kundgebung in Bislet Stadion. Fra Tyske arkiver, Reichskommissariat, Bildarchiv.

Idretten

Som med store delar av norsk foreiningsliv, blei også idretten utsett for nyordning. Dette er dokumentert i fleire arkiv.

Tysk initiativ

Nyordninga av den organiserte idretten skjedde tidleg og initiativet kom i første omgang frå tyskarane. Saker knytte til idrett sorterte under Reichskommissariat, Propagandaavdelinga. I arkivet etter denne avdelinga finn ein saksdokument, rapportar og korrespondanse som omhandlar norsk idrettsliv. Materialet dokumenterer ein del av Reichskommissariat sine planar og arbeid i samband med nyordning av idretten. Det framgår blant anna at det allereie i mai 1940 ved hjelp av norske informantar blei gjort undersøkingar for å kartlegge idrettsforbunda si samansetjing, oppslutning og politiske profil.

NS-idrettsforbund

I november 1940 blei forordning om Norges Idrettsforbund annonsert og alle idrettslag og samanslutningar blei beordra organisert i det nye forbundet. Samtidig blei dei to forbunda som til då hadde organiserte norsk idrett, Norges Landsforbund for Idrett og Arbeidernes Idrettsforbund, oppløyste og arbeidsoppgåvene og eigedomane deira blei overtekne av det nye, nazifiserte forbundet. Departement for Arbeidstjeneste og Idrett fastsette forbundslov for Idrettsforbundet. Alle idrettslag var forplikta til å følgje desse lovene og ingen fekk oppløysast utan samtykke. Departementet administrerte idrettssaker gjennom idrettsavdelinga si og i arkivet etter denne avdelinga vil ein finne mykje om idretten under krigen.

Kraftig motstand

Forsøka på å nazifisere den organiserte idretten blei møtte med stor motstand frå idretts-Noreg, og førte til den første store massemønstringa mot det nye regimet. Ein frykta einsretting og militarisering av idretten slik tilfellet var i Tyskland, der ikkje-nazistiske idrettsforeiningar var forbodne og mange idrettsfolk var arresterte. Den organiserte idretten i Noreg hadde lenge vore prega av politisk strid og kløyving mellom Arbeidernes Idrettsforbund og det borgarlege Norges Landsforbund for idrett. Ei tilnærming mellom dei to forbunda var i gang allereie før krigen, og i lys av den truande situasjonen under okkupasjonen blei denne prosessen framskunda. Dei to rivaliserande forbunda skipa eit interrimstyre til felles front mot NS-staten sine forsøk på kontroll og dominans av idrettslivet.

Idrettsboikott

Illegal idrett var utbreidd og mange idrettsutøvarar som var i streik brukte kreftene sine til organisert motastandsarbeid. Idrett var viktig tidtrøyte for ”gutta på skauen”. Dette biletet er frå eit illegalt terrengløp. Ansikta til deltakarane er skraverte slik at fotografiet kunne spreiast i utlandet. RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ue/109/ Idrettsstreiker II

Idrettsstreik

Ein landsomfattande idrettsstreik blei innleidd allereie to dagar etter at forordninga om Norges Idrettsforbund kom. Alle idrettsstemne og arrangement i regi av det nye idrettsforbundet blei boikotta av utøverar som var motstandarar av regimet. Denne streiken varte helt til frigjeringa. Mange idrettstalent som var i sin beste alder ofra dermed sjansen til å delta i konkurransar og utvikle karrieren i krigsåra. For somme var freistinga til å konkurrere så stor at dei gjekk med på det nye regimet sine premissar og gjorde det stort i idrettsarrangement i regi av NS eller tyskarane. Men desse karrierane fekk ein brå slutt etter frigjeringa.

NS sine idrettsarrangement blei boikotta både av utøvarar og publikum. Frå opninga av skøytestemnet på Bislet 4.1.1942. Biletteksten fortel at dei elles så skøyteglade nordmennene var heilt borte frå tribunane. (RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ue/109/Idrettsstreiker I)
NS sine idrettsarrangement blei boikotta både av utøvarar og publikum. Frå opninga av skøytestemnet på Bislet 4.1.1942. Biletteksten fortel at dei elles så skøyteglade nordmennene var heilt borte frå tribunane. (RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ue/109/Idrettsstreiker I)

Charles Hoff

I arkivet etter det nazifiserte Norges Idrettsforbund kan ein finne saksmapper på dei ulike idrettslaga. Ulike landssviksaker som gjeld sentrale aktørar innan den nazifiserte idretten er også viktige kjelder. Det finst dessutan eit lite arkiv etter ekspedisjonssjefen i idrettsavdelinga i departementet, den tidlegare friidrettsstjerna Charles Hoff. Arkivet inneheld korrespondanse og materiale om Norges Idrettsforbund. Det finst fortrulege rapportar frå ekspedisjonssjefen i boks 77 i arkivet til Propagandaavdelinga i Reichskommissariat. Etter krigen var det Sosialdepartementet som overtok idrettssaker. Her vil ein finne ein del om avviklinga av NS sitt idrettsforbund.

Relevante arkiv i Arkivportalen