Heimeflåten
Om lag 15 % av den norske handelsflåten var i tyskkontrollerte farvatn då kampane i Noreg slutta i juni 1940. Denne delen av flåten blei kalla heimeflåten. Den var på 833 fartøy, dei fleste små.
Flåte og frakt
Statens skipsfartsdirektorat og dei tyske reiarlaga Transportflotte SPEER, Reichskommissar für die Seeschiffart (RK See) og Nord-Reederei stod for organisering og drift av dei fleste skipa. I tillegg kom ruteselskap og nokre norske reiarlag. Skipsfartsdirektoratet disponerte dei fleste fartøya på over 500-700 tonn, og frakta hardt tiltrengte forsyningar til kyst-Noreg.
Tyskarane fekk etter kvart ein ganske stor flåte. Den omfatta hovedsakleg skip som var beslaglagte, chartra eller kjøpte. Beslaga omfatta alle typar fartøy, til og med robåtar. Mange av fartøya fekk tysk mannskap og blei mellom anna nytta til å skaffe tyskarane i Nord-Noreg forsyningar og utstyr. Enkelte større skip blei nytta som losjiskip for soldatar på permisjon, andre frakta krigsfangar og straffedømde. Dei aller største skipa blei sette inn i utanriksfart, for det meste til Tyskland og Nederland. Eksportvarer frå Noreg var fisk, malm, trelast og papirprodukt. Importvarer var kol, koks, bensin, olje, korn, salt og feittprodukt. Den tyskkontrollerte delen av heimeflåten blei ein aktiv del av den tyske krigføringa og difor eit alliert åtaksmål.
Sjanseseilasar i utrygge farvatn
Dei mange minelagde strekningane, åtak frå fly, ubåtar og motortorpedobåtar, gjorde skipstrafikken langs norskekysten spesielt utsett. I tillegg kom alle sperresonene, dvs. farvatn der det ikkje var lov å segle. Sperresonene forlenga reisene både i tid og avstand og utsette fartøy og mannskap for ekstra risiko.
Heile kystlinja var kontrollert av tyskarane som detaljregulerte all skipstrafikk. Frå våren 1941 måtte alle norske fartøy ha særskilt løyve til å segle. Det blei oppretta tyske hamnekontor i alle viktige hamner, og skipsførarane plikta å rapportere ved passering eller anløp. Opphald i hamn kunne forlenge reisa mykje ettersom det ofte var pågåande aksjonar mellom hamnearbeidarane. Gå-sakte-aksjonar blei grunngjevne med låg løn, små matrasjonar og for mange påbod om overtidsarbeid. Enkelte stader tilspissa situasjonen seg og tillitsvalde hamna i tysk fangenskap. Tap av liv og tonnasje, mangel på hamnearbeidarar og sjøfolk og tvangspåmønstring av sjøfolk førte til frustrasjon og ineffektivitet.
Ruteselskap og passasjertrafikk
Ruteselskapa frakta passasjerar og gods langs kysten. Sjøtransporten fungerte betre enn landtransporten og var dessutan i mange tilfelle einaste alternativ. Tre selskap dreiv med snøggrutefart på Nord-Noreg. Farten langs norskekysten var svært utsett og for snøggruteselskapa blei det spesielt ille. Ni snøggruteskip forliste og hausten 1941 blei regulær rutetrafikk nord for Tromsø innstilt. Det blei oppretta ei erstaningsrute som etter kvart fekk stadig ferre turar.
Passasjertrafikken i Nord-Noreg omfatta tvangsevakueringa av Finnmark. Det blei ei stor utfordring for alle typar fartøy som blei sette inn for å frakte menneske bort frå dei utsette områda. Rutebåtar, lasteskip, redningsskøyter, fraktebåtar og fiskeskøyter –alt disponibelt mannskap og materiell- blei nytta. Om lag 45.000 personar var i november 1944 frakta så langt sør som Nord-Trøndelag med båt.
Tap og tragedier
Om lag 11.000 mann var sysselsette i heimeflåten. Av dei omkom 679 ved krigshandlingar. I tillegg til mannskap omkom også mange passasjerar, dei fleste om bord på snøggrutene. I alt 9 snøggruteskip blei senka, 148 sjømenn og meir enn 280 passasjerar omkom. Så godt som alle tapa skuldast åtak frå dei allierte. Rute- og kystfarten hadde eit større tal tapte sjøfolk enn utanriksfarten til heimeflåten og uteflåten tilsaman.
M/S Rigels forlis
Bergensskipet Rigel blei beslaglagt av tyskarane alt i 1940 og gjekk m.a. i fart på Nord-Noreg. Etter å ha lossa utstyr og forsyningar til tyskarane i november 1944, skulle skipet frakte krigsfangar og straffangar sørover. Det var 2248 russiske krigsfangar, 103 straffangar, 29 besetningsmedlemmer, tre losar og 445 soldatar om bord. Den 27. november blei Rigel bomba av britiske fly utanfor Tjøtta. Av dei 2838 personane om bord i skipet miste 2571 livet. Rigels forlis var, målt i tapte menneskeliv, den største skipskatastrofen langs norskekysten i løpet av 2. verdskrig.
Relevante arkiv i arkivportalen
- S-1643 Statens krigskaskoforsikring. Beregninger av forsikringsoppgjør for forliste eller skadede skip. Sjøforklaring for det aktuelle fartøyet er som regel en del av dokumentasjonen.
- S-2451 Statens skipsfartsdirektorat. Seriene dokumenterer befraktningen av nesten alle skip over 500-700 bruttotonn som ikke var beslaglagt av tyskerne.
- S-1409 Skipsfartsavdelingen, Oppgjør for hjemmeflåten, Serie Da/400-402
- S-4457 Sjøfartsdepartementet
- S-1597 Direktoratet for fiendtlig eiendom
- S-1056 Justisdepartementet, Oppgjørsavdelingen, seriene Oa-Og gjelder generelle og spesielle båtsaker, beslaglagte eller leide skip.
- S-2220 Justisdepartementet, Politikontoret, serie Ob/296-297 sjøforklaringer for forulykkede skip langs norskekysten
- S-4625 Rikstrygdeverket, Krigspensjoneringskontoret, Serie Ef og Ey Krigsforliste båter langs norskekysten
- PA-1189 Vesteraalens Dampskibsselskab
- S-2151 Nortraship Oslo, avdelingen for hjemmeflåten
- RAFA-2193 Nord-Reederei
- RAFA-2189 Transportflotte Speer