ENG
Fem personer ombord på seilskute. Privatarkiv D:0308, nr. 217

Fem personer ombord på seilskute. Arkivreferanse: Privatarkiv D/0308, nr. 217

Sjømannsmisjonen – ein møteplass i utlandet

Sjømannsmisjonen har vore ein viktig møteplass for nordmenn i utlandet i 150 år. For mange norske sjømenn i utanriksfart var sjømannskyrkjene kjend som ”eit lite stykke Noreg”.

I 150 år har sjømannsmisjonen, no kjend som Sjømannskyrkja, vore ein viktig møteplass for nordmenn i utlandet, både for fast busette og for folk på reise. I sjømannskyrkjene møtte dei andre nordmenn, og dei fekk høre siste nytt frå heimlandet. Sjømannskyrkja var óg ein plass ein gjekk for å delta i gudstenester og andre kyrkjelege handlingar. For mange norske sjømenn i utanriksfart var sjømannskyrkjene kjend som ”eit lite stykke Noreg”.

Sjømannsmisjonen vart grunnlagd i Bergen 31. august 1864 under namnet ”Foreningen til Evangeliets Forkyndelse for Skandinaviske Sømænd i fremmede Havne”. Som namnet tilseier var foreininga til å byrja med eit tilbod til norske sjømenn på reise, men etterkvart som det har vore færre og færre norske sjømenn, har sjømannskyrkjene blitt drivne med tanke på fastbuande nordmenn. Det kyrkjelege er heller ikkje like viktig som det var, og det sosiale og kulturelle er no vel so viktig for arbeidet til Sjømannskyrkja.

Sjømannskyrkja er ein frivillig organisasjon tilknytt Den norske Kyrkja. Med mottoet ”å følgje den norske flåten” har Sjømannsmisjonen til ei kvar tid vore representert i ca. 20 til 30 hamner samstundes. I dag held organisasjonen hus i 31 byar rundt om i heile verda; frå Stockholm til Sydney, frå Rio de Janeiro til Pattaya i Thailand.

 I 1999 byrja Sjømannskyrkja å drive kyrkje på internett, med eigen nettprest. I 2003 bytta organisasjonen namn frå Den norske sjømannsmisjonen/Norsk Kirke i utlandet til ”Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet”.

Statsarkivet i Bergen har mottatt 71 hyllemeter med arkiv frå Sjømannsmisjonen. Arkivet består mellom anna av korrespondanse, visitasprotokollar, kyrkjebøker og eigne publikasjonar. Les meir om arkivet.

I arkiva frå Sjømannsmisjonen finn ein mellom anna adressebøker for vidaresending av brev. Statsarkivet har skanna tre av bøkene frå kyrkja i Bueno Aires, Argentina. Les meir om bøkene.

 

Litt av arkiva etter Den norske sjømannsmisjonen slik dei står i magasina til Statsarkivet i Bergen.
Litt av arkiva etter Den norske sjømannsmisjonen slik dei står i magasina til Statsarkivet i Bergen.

 

Adressebøker i arkiva til Den norske Sjømannsmisjonen

Eit døme på ei side frå adresseboka frå Sjømannsmisjonen i Buenos Aires, Argentina 1828-1929. Klikk på bilete for å sjå større storleik.
Eit døme på ei side frå adresseboka frå Sjømannsmisjonen i Buenos Aires, Argentina 1828-1929. Klikk på bilete for å sjå større storleik.

Kyrkjebøkene frå sjømannskyrkja er nok langt på veg det mest kjende arkivmaterialet frå Sjømannsmisjonen. Det er difor godt å kunne presentere ei anna nyttig kjelde frå desse arkiva: adressebøkene. Stasjonane i utlandet hadde adressebøker over norske eller skandinaviske personar som hadde vore innom kyrkja. Adressebøkene nytta dei til å vidaresende post. På det viset kan ein sjå kor dei flytta på seg og kanskje finne att nokon ein har lett etter. Sjømenn dominerer i adressebøkene, men det er også andre nordmenn og skandinavar i listene.

Arkivet etter Den Norske Sjømannsmisjonen

Eit døme på vigselsliste frå kyrkjeboka A4 1893-1901 for New York. Klikk på bilete for å sjå større storleik.
Eit døme på vigselsliste frå kyrkjeboka A4 1893-1901 for New York. Klikk på bilete for å sjå større storleik.

Statsarkivet i Bergen har 71 hyllemeter med arkiv frå Sjømannsmisjonen. Arkivet består mellom anna av korrespondanse, visitasprotokollar, kyrkjebøker og eigne publikasjonar. Hos arkivportalen.no finn de eit oversyn over arkivet etter Sjømannsmisjonen. Les meir om arkivet i denne artikkelen om Sjømannsmisjonen.

Kyrkjebøkene frå Sjømannsmisjonen inneheld lister over dåp, vigsel og gravferd på same vis som andre kyrkjebøker. Statsarkivet i Bergen har tatt imot 56 kyrkjebøker for perioden 1865-1986, fleire av dei er skanna og tilgjengeleg hos Digitalarkivet. Nokre av dei er også tasta og gjort søkbare i Digitalarkivet.