Det norske flyvåpenet i eksil
Flyvåpenet blei organisert med treningssenter i Canada og stridseiningar i Storbritannia. Norske flygarar flykta frå landet og melde seg til teneste. Kjell Løchen sine dagbøker skildrar ei slik flukt over den såkalla lange ruta via Asia og Afrika.
Flyvåpena sin treningsleir blei offisielt opna 10. november 1940. Leiren som blei kalla ”Little Norway” låg i utkanten av Toronto i provinsen Ontario. Leiren hadde eit mannskap på rundt 300 mann, fordelt på Hæren sitt flyvåpen og Marinen sitt flyvåpen. I 1941 blei desse underlagde ein felles kommando. Oppgåva var å rekruttere og utdanne fly- og bakkepersonell. Etter fullført trening og utdanning i Canada, blei dei norske flygarane overførte til Storbritannia for aktiv teneste i skvadronane.
I mai 1941 blei det kjøpt ein ferie- og rekreasjonseigedom for flyvåpenet sitt personell. Den låg også i Ontario, ca. 16 mil frå Toronto og var på 20 mål open mark og 1600 mål skog. Etter restaurering av ein gammal tømmerbygning og bygging av ein ny, hadde staden plass til 150 mann. Den blei offisielt opna av kronprinsesse Märtha 18. januar 1942 og fekk namnet Vesle Skaugum.
Arkivet etter flyvåpena sin treningsleir inneheld brei dokumentasjon på aktivitetane i leiren og omfattar saker både frå Ekspedisjonskontoret, Pressekontoret, Leirkommandanten, Øvingsavdelingen og Norwegian Training Base.
Sommaren 1940 blei kapteinløytnant Hjalmar Riiser-Larsen utnemnd til sjef for Marinens flyvevåpen, og Bjarne Øen for Hærens flyvevåpen i Canada. Major Ole Reistad blei sjef for treningssenteret ”Little Norway” i Toronto. Flyvåpena sin felleskommando blei oppretta i mars 1941 med Hjalmar Riiser-Larsen som sjef. I arkivet etter Reistad er det blant anna korrespondanse, ordrar, framstillingar og avisutklipp frå krigsåra. Øen sitt arkiv inneheld materiale om oppbygging av flyvåpena under krigen og fotografi frå flygarmiljøet i Storbritannia.
Stridseiningane i Storbritannia var organiserte som skvadronar. Desse var underlagde RAF, og var ein operativ del der. 330 skvadron (den første skvadronen) blei oppretta i 1941 med base på Island. Sidan følgde 332 skvadron og 333 skvadron som var lokaliserte ved Woodhaven i Skottland. 334 skvadron blei skilt ut fra 333 skvadron for oppdrag til Noreg og Stockholm. Med unnatak av 333 skvadron, er sakarkiva etter dei andre skvadronane førebels ikkje tilgjengelege for søking i felleskatalogen. Det er heller ikkje arkivet etter Forsvarsdepartementet i London.
I arkivet etter 333 skvadron finst det fleire rapportar frå flytokt. Følgjande er sitert frå ein rapport etter Mosquito F7333 sin skipsrekognoseringstur mellom Kvitsøy og Lista 8. mai 1944 då det kom til kamp med eit tysk fly:
”Mosquitoen åpnet ild med en gang, og det fiendtlige flyet gjorde det samme. Besetningen observerte flere treff i begge vingene, men ble selv også truffet. Frontglasset fikk en fulltreffer, som gjorde at det ble helt frosset så føreren ikke kunne se. En fulltreffer ødela også hele instrumentbordet, og fenrik Jensen fikk flere splinter i kroppen (…) Til tross for at føreren var hardt såret og ikke hadde instrumenter å fly etter, samtidig som han ikke kunne se gjennom det ødelagte frontglasset, greide han å bringe sitt fly velberget til hjemmestasjonen og landet der. Han ble straks brakt på sykehuset hvor legen tok ut granatsplinter fra brystet, og en glass-splint ut av høyre øyet.”
I 333 skvadron sitt arkiv finn ein elles brev, autorisasjonsbøker, ordrebøker for flyging, loggbøker for fly og besetningar, sakarkiv og vaktprotokollar. Fleire rapportar etter rekognoseringsturar skildrar kamphandlingar med fiendtlege fly og angrep på ubåtar. Ein del rapportar inneheld fotografi frå flytokta.
Til saman miste 334 norske flygarar livet under krigen. I Forsvaret si krigshistoriske avdeling finn ein dokumentasjon som gjeld falne i Luftforsvaret 1940-1945. I arkivet etter legasjonen i Bern er det korrespondanse om sakna norske flygarar i serie D, eske 63.
Relevante arkiv i Arkivportalen
- Kjell Løchen
- Forsvaret, Militært person- og organisasjonsarkiv, Ole Imerslun Reistad
- Forsvaret, Militært person- og organisasjonsarkiv, Bjarne Øen
- Forsvaret, 333 skvadron
- Forsvaret, FKA - Luftforsvarets falne 1940-1945
- Forsvaret, Flyvåpnenes treningsleir
- Flyvåpnenes felleskommando (Tapslister 1942-1945)
- Utenriksstasjonene, Legasjonen i Bern/D/63