Norge i eksil

Norske styresmakter i eksil hadde som mål å frigjere Noreg frå okkupasjonsmakta. Den norske eksilregjeringa etablerte seg i London. I Sverige blei det bygd opp eit omfattande administrativt apparat som mellom anna skulle ta seg av alle flyktningane der, drive etterretning og lære opp personell til militær innsats.

Flyvåpenet blei organisert med treningssenter i Canada og stridseiningar i Storbritannia. Marinen var fullt mobilisert ved invasjonen 9. april 1940. Den norske handelsflåten utanfor tyskkontrollert område blei administrert av det statsdrivne rederiet Nortraship som hadde hovudkontor i London og New York. 

Flyktningar i Sverige
Flyktningar i Sverige
Etter det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940, kom det gjennom krigsåra meir enn 50000 flyktningar frå Noreg til Sverige. Dei norske styresmaktene måtte handtere eit heilt flyktningsamfunn. Reiskapen for dette var Den norske legasjonen og Flyktningskontoret i Stockholm.
Militære styrkar i Sverige
Militære styrkar i Sverige
Militærkontora organiserte personell til militær innsats. Det blei oppretta treningsleirar, og som eit skalkeskjul kalla ein militæravdelingane ”Reservepolititropper.” Desse skulle setjast inn i militær innsats ved frigjeringa av Noreg.
Etterretning i Sverige
Etterretning i Sverige
Etteretning var ein del av legasjonen sitt arbeid. Etterretninga var blant anna knytta til flyktningar og informasjon om forholda i Noreg. Opplysningane var viktige for den militære innsatsen som skulle iverksetjast ved frigjeringa av Noreg.
Det norske flyvåpenet i eksil
Det norske flyvåpenet i eksil
Flyvåpenet blei organisert med treningssenter i Canada og stridseiningar i Storbritannia. Norske flygarar flykta frå landet og melde seg til teneste. Kjell Løchen sine dagbøker skildrar ei slik flukt over den såkalla lange ruta via Asia og Afrika.
Marinen
Marinen
Marinen var fullt mobilisert då Noreg blei invadert den 9. april 1940.
Vårslipp 2012
Vårslipp 2012
Riksarkivets vårslipp gjør kilder fra andre verdenskrig tilgjengelig på nettet. I år står fire spennende kildeserier om norske flyktninger i Sverige i fokus. I tillegg kan du for første gang se i fotoalbumet fra Terbovens reise i Nord-Norge sommeren 1942.
Foto fra andre verdenskrig er nå tilgjengelig på nett
Foto fra andre verdenskrig er nå tilgjengelig på nett
Arkivverket har digitalisert nærmere 8000 fotografier fra NTBs krigsarkiv fra andre verdenskrig. De fleste bildene er nå tilgjengelig for fri nedlasting fra Digitalarkivet.no.