Militære styrkar i Sverige
Militærkontora organiserte personell til militær innsats. Det blei oppretta treningsleirar, og som eit skalkeskjul kalla ein militæravdelingane ”Reservepolititropper.” Desse skulle setjast inn i militær innsats ved frigjeringa av Noreg.
Militærattacheane i Stockholm dekka alle 3 våpengreinene, og var den øvste styresmakta for dei militære styrkane i Sverige. Arkivet inneheld opplysningar om Reservepolitiet, også kalla Polititroppane. Denne styrken blei bygd opp for militær innsats ved frigjeringa av Noreg.

Som eit taktisk trekk, blei treningsleirane for Reservepolitiet kalla ”helseleirar.” Organiseringa av desse kom i gang frå hausten 1943, og alle norske menn i vernepliktig alder (18-45) blei mobiliserte. Tenesta var likevel basert på frivillig deltaking. Ved frigjeringa av Noreg talde Reservepolitiet 15 000 mann.

Arkivet etter Reservepolitiet følgjer den avdelingsvise strukturen til Reservepolitiet. Det er også ein bataljonsbolk. Til saman var det ni bataljonar og ein støttebataljon.
Militærattacheane i Stockholm blei oppretta av eksilregjeringa i april 1940. Det var til saman tre attachear: Militærattacheen, Marineattacheen og Flyattacheen. I legasjonen blei desse kalla Militæravdelingen eller Militærkontorene.
I arkivmaterialet etter militærattacheane finn ein journalar, kopiar av utgåande brev og saksarkiv. I sistnemnde er det ein brei tilgang av dokument, blant anna frå militære representantar ved mottaket på Kjesäter, personellpapir, politikurs, avansement for befal ved reserve- og ordenspoliti, forskjellige forhold i leirane og diverse rapportar.